Bli med på debatt om Nye Øygarden kommune!

Klikk for stort bileteBiblioteka i Sund, Fjell og Øygarden inviterer til debattar om korleis vi vil ha det i den nye kommunen. Det handlar om sentrum/periferi, samferdsle og strilekultur. Debattleiar vert tidlegare journalist i Bergens Tidende, Per Jon Odén. I oktober vert det invitert til tre debattar i biblioteka.

Første debatt vert allereie torsdag 3. oktober i Øygarden bibliotek på Rong senter klokka 19.00. Då vert det stilt spørsmål om alt skal til Straume eller om det finst gode liv i utkanten. Ei innbyggjarundersøking viser at folk i Sund og Øygarden er meir uroa for kommunesamanslåinga enn fjellsokningane. I den debatten den 3. oktober vert det stilt spørsmål om det er grunn til ein slik uro.

I panelet sit dagleg leiar Runar Trellevik i Tekslo seafood, avtroppande ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, og leiar i idrettslaget Skjergard, Geir Knarvik Fjeldstad. Denne kvelden vert det også song ved Klungerosa.

Torsdag 17. oktober vert kommunikasjon og samferdsle tema på debatten i Fjell folkeboksamling klokka 19.00. Den siste debatten vert i Sund folkebibliotek torsdag 24. oktober klokka 19.00. Då er temaet strilekultur.

Det vert servering og lokale kulturinnslag på alle debattkveldane.

Her kan du sjå annonsa for debattane.