Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar (UTM)

Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar (tidlegare Bygdeutviklingsmidlar/BU) er del av jordbruksavtalen, og skal støtte opp om innleiande fasar og arbeid knytt til landbruksbasert verdiskaping regionalt. Tiltak etter økologisk handlingsplan inngår her. 

Alle søkjarar må bruke søknadsskjemaet til Fylkesmannen i Hordaland. Søknader som kjem etter tidsfrist, må vente til neste runde. Søknaden skal sendast til Fylkesmannen i Hordaland.

Meir informasjon og lenke til søknadsskjema finn du på Fylkesmannen i Hordaland si nettside.

Frist for å søkje om UTM er 15.april og 15.oktober.

 

Publisert av Irene Kristin Melkevik. Sist endra 24.05.2017 09:26