Søknad om SMIL-Midlar

  • Søknadsfrist vert sett av kommunen og vil bli kunngjort
  • Du kan søkje om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket ved å fylle ut søknadsskjema hos Landbruksdirektoratet

Føremålet med SMIL-ordninga er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og redusere forureining. Frå 2015 er denne ordninga berre for dei som har rett på produksjonstilskot i jordbruket.

Prosjekta og tiltaka vert prioritert ut i frå lokale målsetjingar og strategiar. Det vert ikkje gitt tilskot til tiltak som allereie er byrja på eller ferdige. Strategisk landbruksplan for Fjell, Sund og Øygarden ligg til grunn for prioriteringa av innkomne søknader.

Tildelt tilskot vert utbetalt etter at tilskotsmottakar har dokumentert at tiltaket er gjennomført. Kommunen kan foreta synfaring/stadlig kontroll hos føretaket.

Søknaden skal sendast til:

Sund Kommune, avdeling areal, Postboks 23, 5371 Skogsvåg

Sist endra 27.02.2017

Kontakt

Birgitte  Ødven
Birgitte Ødven
rådgjevar
Telefon: 56 32 75 85