Søknad om produksjonstilskot

  • Søknadsfristane er 15. mai og 15. oktober
  • Du søkjer produksjonstilskot via Altinn.no
    Søknaden vert handsama av kommunen. Landbruksrådgjevar kan gje noko bistand og gje rettleiing for nye brukarar.

Søknadsfristane er absolutte, og ein kan ikkje lenger levere søknaden etter fristen med eit trekk på 1 000 kroner per dag. Føretak som leverer søknaden innan fristen vil kunne endre opplysningane i søknaden innanfor 14 dagar utan å få trekk.

Produksjonstilskot er den største tilskotsordninga i landbruket. For å ha rett på tilskot må føretaket vere registrert i Brønnøysundregisteret med eige organisasjonsnummer.Ein må også drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedommar (føretak som berre driver med birøkt er unntatt dette kravet).

Forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket ligg til grunn for tildeling av tilskot.

Sist endra 27.03.2017

Kontakt

Birgitte  Ødven
Birgitte Ødven
rådgjevar
Telefon: 56 32 75 85