Søknad om investerings- og bedriftsutviklingsmidlar - Næringsutvikling i landbruket

Føremålet med midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket er å leggje til rette for langsiktig og lønsam verdiskapning, samt bidra til sysselsetjing, busetjing og eit variert landbruk i alle delar av landet med utgangspunkt i landbruket sine ressursar generellt, og landbrukseigedomen spesielt.

I følgje forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket kan ein søkje om investerings- og bedriftsutviklingsmidlar til mellom anna:

  • Etablering av ny verksemd
  • Bedriftsutvikling (vidareutvikling av tilleggsnæring
  • Investeringar i produksjonsanlegg
  • Nedskriving av rentekostnader
  • Investeringar i økologisk fruktdyrking
  • Generasjonsskifte

Midlane vert sett av i jordbruksavtala.

Søknad om tilskot skal sendast til postmottak i kommunen. Kommunen vil uttale seg om søknaden og vidaresende han til Innovasjon Noreg, som avgjer saka.

Sist endra 24.05.2017

Kontakt

Ole-Karsten Midtgård
Ole-Karsten Midtgård
leiar areal
Telefon: 56 32 75 27
Postmottak Sund kommune