Næring i landbruket

Det er ei nasjonal målsetjing at bygde- og næringsutvikling skal stimulere til småskalaprega næringsutvikling, auka rekruttering og lokalsamfunnsutvikling. Bygde- og næringsutvikling er viktig for at ein skal få levande bygde- og lokalsamfunn med eit breitt spekter av tilbod, som gjer det attraktivt å bu og leve på bygda. 

Sund kommune ønskjer at flest mogleg gardsbruk i regionen skal vere i drift. Det er ønskjeleg at tilleggsnæringar vert satsa på for å gje grunnlag for ein framtidsretta landbruksproduksjon og for å sikra gardane eit tilstrekkeleg inntektsnivå. Menneskelege ressursar og skaparlyst er avgjerande for auka verdiskaping utanom  og i kombinasjon med tradisjonelt jord- og skogbruk. Ein liten eigedom kan vere utgangspunkt for ein like god forretningsidé som ein større. Tilrådinga frå Landbruks- og matdepartementet er at politikken difor skal leggje til rette for vekst og utvikling uavhengig av storleiken på gardsbruket.

Fylkesmannen skal leggje til rette for næringsutvikling og innovasjon i landbruket. Dei forvaltar Utgreiings- og tilretteleggingsmiddel (tidlegare BU-middel) til utrednings- og tilretteleggingstiltak. Midla skal nyttast til å fremje lønsam næringsutvikling på bygdene og i tilknyting til landbruket. Fylkesmannen har også ei pådrivarrolle knytt til Innovasjon Norge sitt  lokalmatprogram (økonomiske verkemedel innan områda kompetanse, omdømmebygging og nettverk).

Innovasjon Norge forvaltar den bedriftsretta delen av BU-midla. Fylkeskommunen har ansvaret for forvaltinga av BU-midla til rekruttering, likestilling, etterutdanning og kompetanseheving i landbruks- og matsektoren.

Landbrukskontoret ønskjer å vere til hjelp når enkeltbønder har næringsutviklingsidéer.

 

Sist endra 24.05.2017

Kontakt

Ole-Karsten Midtgård
Ole-Karsten Midtgård
leiar areal
Telefon: 56 32 75 27