Dyrehald

Husdyr er ein vikdig del av norsk landbruk. Dei fleste dyr som vert nytta i produksjon av mat har eigne forskrifter som stiller eit minimumskrav til korleis dyra skal bli teke vare på.

Alle som driv med husdyr har eit ansvar for at dyra vert stellt og handsama på ein måte som gjer at dyra har det bra og får oppfyllt sine behov.

Meir informasjon om dyr og dyrehald finn du på Mattilsynet si nettside

Landbruksavdelinga i Sund forvaltar og kontrollerer fleire økonomiske ordningar som omfattar husdyr og har ansvaret for oppfølging av husdyrgjødselforskrifta. Meir informasjon om dei økonomiske ordningane finn du under tilskotsordningar.

Sist endra 24.05.2017

Kontakt

Ole-Karsten Midtgård
Ole-Karsten Midtgård
leiar areal
Telefon: 56 32 75 27