Feiing

I løpet av ein fireårs periode skal feiaren utføre tenestene tilsyn og feiing.

Sotra Brannvern IKS sin seksjon for feiing og tilsyn med fyringsanlegg, har ansvaret for feiing av røykpiper, og tilsyn med fyringsanlegg i bustader og fritidsbustader samt saksbehandling ved melding om eldstader.

Pris:

For 2017 er avgift sett til kr. 525,- inkl. mva.

Avgifta blir sendt ut kvart år, sjølv om feiaren kjem på tilsyn/feiing for eksempel kvart anna år.

Feiaravgifta vert sendt ut over 1 termin med forfall 30/6. 

Sist endra 21.03.2017

Kontakt

Sotra Brannvern IKS
Telefon: 56 33 40 10
Mobil: 93441998(vakt)