Ledig stilling som kontorleiar 100% stilling - Sund kyrkjelyd

Sund sokneråd søkjer ein medarbeidar som kan fylle rolla som kontorleiar for soknerådet si verksemd. Den som vert tilsett må kunne arbeide i førstelinjetenesta og møte publikum på ein venleg, trygg og effektiv måte.

Sund kyrkjelyd er ein del av Vesthordland prosti som m.a. består av Fjell, Sund og Øygarden kommunar. Frå 1.1.2020 vert desse kommunane slått saman til Øygarden kommune. Det same gjeld også dei kyrkjelege fellesrådsområda. Sund kommune ligg sør på Sotra og har om lag 7000 innbyggjarar.Kyrkjekontoret ligg i Sund kyrkje i Klokkarvik. Forvaltningsspråket er nynorsk.

Kontorleiaren tilhøyrer kyrkjeverja sin stab. Det er for tida felles kyrkjeverje for Fjell, Sund og Øygarden.

Arbeidsoppgåver (hovudsak):

  • Dagleg ansvar for soknerådet si verksemd
  • Publikumsekspedisjon (sentralbord, besøkande)
  • Økonomiarbeid
  • Post og arkivrutinar 
  • Registrering av dåp, vigsel og gravferd.
  • Sekretærfunksjon for sokneråd, kyrkjeverje og prest -
  • Informasjonsarbeid
  • Oppfølging av IKT system
  • Vikar for kyrkjeverje

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgskuleutdanning innan kontor og administrasjon. Relevant erfaring kan erstatta manglande utdanning.
  • Kompetanse innanfor IKT
  • Erfaring frå kontorarbeid og leiing

Ved tilsetting vert det mellom anna lagt vekt på:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre.
  • Gode kommunikasjonsevner og god språkleg framstillingsevne
  • Evne til å arbeide strukturert, målretta og effektivt
  • Ei fleksibel og løysingsorientert innstilling
  • God ordenssans
  • At søkjaren er personleg eigna for stillinga

Sund sokneråd tilbyr:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø, også saman med kyrkjekontora i Fjell og Øygarden
  • Løn og vilkår i samsvar med kyrkjeleg tariffområde (KA sektor)
  • Pensjonsordning i KLP
  • Opplæring

Søkjar må vere medlem i Den norske kyrkja og vere lojal mot kyrkja si vedkjenning. Løn etter avtale og kvalifikasjon.

For nærare informasjon om stillinga, kontakt kyrkjeverje Olav Martin Vik, telefon 93264400.

Søknadsfrist er 25. september 2017

 

Attestar må takast med på intervju.

Søknad og CV må du sende til:

  • Sund kyrkjekontor, Kyrkjevegen 30, 5378 Klokkarvik
  • eller e-post ov769@kyrkja.no
Sist endra 18.09.2017