Ledig 100% fast stilling som Friskliv- og Meistringskoordinator

Blombakkane 7 - Klikk for stort bilete Er du vår nye interkommunal friskliv og meistringskoordinator?

  • Ergo- og fysioterapitenesta søkjer ny medarbeidar i 100 % fast stilling.

Om arbeidsplassen

Fjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

Friskliv og meistringstenesta er ei interkommunal teneste i Fjell, Sund og Øygarden. Tenesta starta opp i 2013 og er framleis i utvikling. Frisklivs- og meistringssenteret har gruppebasert tilbod med fokus på kosthald, fysisk aktivitet, meistring og tobakksavvenning.

I 2020 blir Fjell, Sund og Øygarden ny stor kommune med ca 40 000 innbyggjarar. I arbeidet mot samanslåinga vil ny organisatorisk plassering av frisklivs- og meistringstilbodet bli avklart.

Hovudoppgåver

  • Ansvar for utvikling og drift av gruppebaserte tilbod innan kosthald, fysisk aktivitet, tobakksavvenning og meistring
  • Koordinere og vidareutvikle frisklivs- og meistringsarbeidet i dei 3 kommunane, og inn mot ny kommune
  • Halde kontakt med, og arbeide mot, interne og eksterne samarbeidspartnarar, samt representere Frisklivs- og meistringssenteret på interne og eksterne møteplassar og samhandlingsarena
  • Samarbeid med andre einingar for å få i gang utviklingsarbeid
  • Utarbeide strategiske og styringsorienterte dokument, årlege mål og handlingsplanar for frisklivs- og meistringstilbodet

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Masterutdanning innan relevant fagområde
  • Bachelorutdanning innan ernæring       
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg  
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid, prosjektarbeid og endringsarbeid
  • Sertifikat og disponere eigen bil

Ønskjeleg med

  • Kunnskap og kompetanse innan helsepedagogikk og motiverande intervju eller tilsvarande samtaleverktøy.
  • Evner til nybortarbeid og tenesteutvikling, samt delta sjølv aktivt i ulike kurs og aktvitetar som friskliv og meistring arrangerer
  • Erfaring med å utvikle eller halde kurs og/eller gruppetilbod
  • Erfaring med prosjektarbeid og søknadsskriving

Personlege eigenskapar

  • Du er endringsvillig og tør å utfordre
  • Du er rask til å setje deg inn i og forstå tenesta sitt arbeid
  • Du tenkjer heilskapleg og strategisk
  • Du er ansvarleg, sjølvstendig, inititativrik og har god gjennomføringsevne
  • Du arbeider effektivt, strukturert og løysingsorientert
  • Du har særs gode relasjons- og samarbeidsferdigheiter
  • Du har god system- og organisasjonsforståing
  • Du har god evne til å formidle fagkunnskap til ulike grupper

Løns- og arbeidsvilkår

  • Løn etter avtale.

Anna

Søknad skal innehalde søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga. Arbeidstida er 37,5 timars arbeidsveke og hovudsakleg innanfor normalarbeidstid. I enkelte høve f.eks i samband med avvikling av enkelte kurs, kan det verte arbeidstid noko utover ettermiddag. Stillinga er ledig frå mars 2019.

Vi tilbyr

  • IA bedrift      
  • Høve til fagleg og personleg utvikling 
  • Fleksibel arbeidstid            

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Arbeidsstad

Om tilsetjingsvilkår og søknad

  • Administrasjonsmålet er nynorsk.
  • Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale.
  • Søknad og CV må sendast elektronisk via linken
     

Søknadsskjema - Send inn søknad her


 

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist : 18.02.19

 

Kontakt

  • Tenesteleiar Liv Møen tlf. 55096855
  • Frisklivs- og meistringskoordinator Anita Alvheim tlf. 48222285