Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Haugaseto, gnr. 42, bnr. 2 m.fl. - Spildepollen, i Sund kommune.

Reguleringsplan:

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:

Vacuri as er tiltakshavar. Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Merknader til varsel om oppstart:

Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlige behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

  • Ard arealplan as,  Nygårdsgaten 114, 5008 Bergen eller på e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Sund kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Sund kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:

  • Frist for merknader er satt til 4.august 2017.
Sist endra 09.06.2017