Varsel om oppstart av detaljregulering

Omriss kommundelplan Skogsskiftet sentrum - Klikk for stort bilete Sund og Fjell kommune varslar om at det vert sett i gang arbeid med ein offentleg detaljreguleringsplan for dagens kommunesenter i Sund kommune.

Reguleringsplanen vil legge til rette for vidare utvikling av sentrumskjernen med nye forretningar, kontor, bustadar, park, gate/veg. I tråd med tidlegare eller gjeldande planar er det etablert bensinstasjon, helsehus, forretningar, bibliotek, kontor, sjukeheim, omsorgsbustadar og barnehage. Det meste vert vidareført i ny plan.

Det er Fjell og Sund kommune som er ansvarlege for planarbeidet. Plandokumenta vert utarbeidd av Multiconsult.

Eigedommar innafor planområdet i:

  • Sund kommune: Gnr. 50, bnr. 10, 18, 28, 40, 47, 55, 57, 123, 127, 132, 148, 153, 203, 204, 227, 239, 240, 261.
  • Fjell kommune: Gnr 1 bnr 65 og 92.

Reguleringsplan:

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.

Føremålet med planarbeidet:

Hovudhensikta med planen er å gje gode rammer for utviklinga av Skogsskiftet. Ein tek sikte på å flytte brannstasjon og bussparkering vekk frå dagens sentrum. Det vert lagt til rette for forretningar på gateplan, kontorareal i påfølgjande etasje og bustadar i dei øvste etasjane. Vidare er det ønskjeleg at sentrumsområdet får ei miljøgate og vert eit knutepunkt for bilistar, gåande, syklande og kollektivtransport. Det vil også bli sett på moglegheita for å etablere gode koplingar ned mot Skogsvatnet.

Planavgrensing:

Planavgrensing som vist med stipla line på vedlagt kartutsnitt.

Omriss kommundelplan Skogsskiftet sentrum - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Medverknad:

Råka grunneigarar og naboar vil bli varsla direkte med brev.

Det vert vidare eit informasjonsmøte om planarbeidet den 17. oktober kl 18:00. Møtet er ope for alle interesserte og vert heldt i formannskapssalen på kommunehuset i Sund. I møtet vil ein ta utgangspunkt i enkle skisser som viser plangrepet for sentrumsområdet.

De er velkommen til å delta og å gje innspel til det vidare planarbeidet.

Dersom du har innspel til planarbeidet:

Send inn innspel elektronisk ved å bruke skjema for høyringsuttale. Bruk saksnr. 18/2075, eller til Sund kommune, postboks 23, 5371 Skogsvåg

Frist for innspel: 29.oktober 2018
 

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Sund kommune tlf. 56327500 e-post: mona.rabben@sund.kommune.no