VAL 2019 - Kunngjering om utlegging av manntal

Klikk for stort bileteStår du i manntalet? For å kunne røysta ved kommunestyre- og fylkestingsvalet må du vera innført i manntalet. Dette kan du kontrollera når manntalslistene no er lagt ut for ettersyn fram til valdagen som er den 9. september.

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er motteken hos folkeregisteret innan 30. juni 2019, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velja om du vil røysta på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta.

Står ikkje namnet ditt i manntalslistene som er lagde ut, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret. Klaga må vera skriftleg og grunngjeven. Valstyret vil retta feil i manntalet så lenge det er praktisk mogeleg fram til valdagen.

Utleggingsmanntalet er lagt ut på desse stadene:

  • Servicetorget, Fjell rådhus
  • Biblioteket, Sartor Storsenter
  • Servicekontoret, Kommunehuset, Sund Senter
  • Servicetorget, Rådhuset på Rong

Adressa til valstyret:

Øygarden kommune
Postbok s 184
5342 Straume
Tel. 55 09 60 00

Meir informasjon finn du på www.nyeoygardenkommune.no