VAL 2019 - Kunngjering om førehandsrøysting

Klikk for stort bilete

Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet er i år fastsett til måndag 9. september.

Dersom du ikkje kan møta fram i vallokalet på valdagen, kan du røysta på førehand f.o.m. 12. august t.o.m. 6. september. Du kan førehandsrøysta i den kommunen du sjølv ønskjer.

Dersom du førehandsrøystar i ein annan kommune enn der du er innført i folkeregisteret, hugs å røysta så tidleg at røysta når fram til heimstadkommunen din gjennom posten innan tysdag 10. september.

Hugs å ta med deg legitimasjon og valkort, dersom du har fått valkort tilsendt.

Opningstider for førehandsrøysting finn du på www.nyeoygardenkommune.no