Tilbaketrekking av forslag til ny arealdel av kommuneplanen frå offentleg ettersyn

Klikk for stort bilete

I samband med arbeidsmøte om arealdelen av kommuneplanen har planutvalet fatta følgjande avgjerd:

"Planutvalet – forvaltningsstyret trekk tilbake forslag til ny arealdel av kommuneplanen frå offentleg ettersyn. Retta plandokument er forventa ferdigstilt medio september, og vert deretter lagt ut til offentleg ettersyn på nytt."

Bakgrunnen for avgjerda er eit ynskje om å korrigere kjende feil i planforslaget.

For å sikre eit best mogleg grunnlag for medverknad og resultat var planutvalet si vurdering at det vart ei betre løysing å trekkje planforslaget frå offentleg ettersyn, framfor å legge ut enkeltdokumenta som det vart bestemd å gjere korrigeringar i.

I vurderinga har det vore lagt særskilt vekt på  at innbyggjarane lettare skal kunne orientere seg i saka.

Nytt framlegg til arealdel av kommuneplanen vert sendt så snart det er klart. Vi forventar å kunne legge ut nytt planforslag i september.

Har du alt sendt merknad til planforslaget?

Det er ikkje behov for å sende inn merknaden på nytt. Merknadar som er kome så langt til saka er registrerte og vil følgje saka ved vidare handsaming.

Vi oppmodar likevel om å følgje med når planen vert lagt ut på nytt.

Til orientering.