Søknad om utviding av areal på lokalitet Skjerholmen N i Sund kommune

Lokalitet Skjerholmen - Klikk for stort bilete Sjøtroll Havbruk AS, org. nr: 929363833, har søkt Hordaland fylkeskommune om løyve til å endre arealet på lokalitet 20115 Skjerholmen N i Sund kommune.  

På nemnde lokalitet har Sjøtroll Havbruk AS i dag løyve til produksjon av 3120 tonn matfisk av laks og aure. Det eksisterande anlegget har 6 plastringar med omkrins på 160 meter i 100 x 100 meters rammer. Det nye anlegget vil bestå av 8 ringar med omkrins på 200 meter i 110 x 110 meters rammer i to rekker. Total storleik på rammefortøyninga vert 220 x 440 meter. Anlegget vert liggjande innanfor areal avsett til akvakultur i Sund sin kommuneplan. Det er ikkje søkt om auke i maksimal tillaten biomasse.

Bakgrunnen for søknaden er at selskapet ønsker betre plass for fisken i merdane, noko som dei meiner gir betre tilvekst, fôrfaktor og betre miljø.

Spørsmål kan rettast til sakshandsamar Mona Rabben. Ta kontakt på telefon 56 32 75 00.

Eventuelle merknader kan sendast elektronisk på skjema «høyringsuttale» eller til postmottak@sund.kommune.no, og skal merkast med saksnummer 18/641

Merknadsfrist er sett til: 28. mai 2018

 

Sjøtroll Havbruk AS
Tittel Publisert Type
Følgjeskriv Skjerholmen N

27.04.2018 Filtype
Sjøtroll Havbruk AS - Søknad om utviding av areal på lokalitet Skjerholmen N i Sund kommune

27.04.2018 Filtype
søknadsskjema 8 ringar Skjerholmen N

27.04.2018 Filtype
vedlegg

27.04.2018 Filtype
Vedlegg

27.04.2018 Filtype
Vedlegg

27.04.2018 Filtype
Vedlegg

27.04.2018 Filtype
Vedlegg

27.04.2018 Filtype
vedlegg

27.04.2018 Filtype
vedlegg

27.04.2018 Filtype
Vedlegg

27.04.2018 Filtype
Vedlegg

27.04.2018 Filtype