Søknad om tilskot til drenering 2018

Gravemaskin som grøftar - Klikk for stort bilete Føremålet med drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord – til fordel for både avlingar og miljø.

For planerte areal kan det frå 2016 og bli gjeve tilskot til areal som ikkje tidlegare er grøfta.

For 2018 har Landbruksdirektoratet gjeve  Hordaland ei ramme på 3 mill. kr til tilskot til drenering, av desse har Sund kommune fått ei ramme på kr. 50 000,-

Tilskot kan gjevast til:

  • eigar av, eller føretak som leiger, jordbruksareal med behov for ny drenering.

Tilskot kan ikkje gjevast der tiltaket fører til:

  • Monaleg skade for annan eigedom og naturmangfald
  • Stor fare for flaum og vassureining
  • Fare for skade på automatisk freda kulturminne

Du kan søkje om tilskot til grøfting ved å fylle ut søknadsskjema hos Landbruksdirektoratet. Søknad vert å sende til kommunen der arealet som skal verte grøfta ligg.

Søknadsfrist er satt til 31.mai 2018.

Kontakt

Ole-Karsten Midtgård
Ole-Karsten Midtgård
leiar areal
Telefon: 56327527