Søknad om SMIL midlar 2018

Illustrasjonsbilete ti annonse for SMIL midlar - Klikk for stort bilete Kommunen løyver tilskot til spesielle  miljøtiltak i jordbruket.

Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet, samt redusere ureining frå jordbruket utanom det ein kan forvente gjennom vanleg landbruksdrift.

For 2018 har Landbruksdirektoratet gitt Hordaland ei ramme på 5,2 mill. kr  til SMIL. Sund kommune har fått ei ramme på kr. 60 000,-

Tilskot kan gjevast til føretak som er registrert i einingsregisteret som driv og/ eller eig ein landbrukseigedom, og  som har rett til produksjonstilskot.

Du kan søkje om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket ved å fylle ut søknadsskjema hos Landbruksdirektoratet

Søknadsfrist er satt til 31.mai 2018.

Kontakt

Ole-Karsten Midtgård
Ole-Karsten Midtgård
leiar areal
Telefon: 56327527