Rekneskap 2018

Sund kommune har hatt relativt gode økonomiske resultat dei siste åra.

Sund kommune har i 2018 eit netto driftsresultat på 18,7 mill. kr. Dette er 9,2 mill. kr høgare enn opphaveleg budsjett. Driftsresultatet er påverka av utbetaling frå Havbruksfondet på 10,8 mill. kr . Netto driftsresultat for 2017 var 19,1 mill. kr. Driftsmarginen er 3,4 % for 2018 og var 3,6 % for 2017. Mål for god økonomisk styring tilseier ein driftsmargin på 1,75 %.

Rekneskapsmessig mindreforbruk (overskot) er 1,8 mill. kr høgare enn budsjettert mindreforbruk på 2,6 mill.kr.

Sund kommune har med bakgrunn i relativt gode økonomiske resultat dei siste åra kunne gjere avsetningar til fond. Dette bidreg til at vi kan handtere evt. svingingar i inntektene slik at vi kan sikra rom for stabilitet i tenestene våre.