Invitasjon til medverknadsmøter

Sund kommune har starta opp arbeid med å rullere kommuneplanens arealdel. I løpet av hausten ønskjer kommunen å invitere til opne medverknadsmøter knytt til våre tre fokusområder for planarbeidet: bustadutvikling, næring/akvakultur og tilgang til sjø.
 

Medverknadsmøtene vert arrangert som ein «workshop» og målsettinga er å gje og få informasjon, innspel og merknader til kommunens vidare arbeid med planen. Det vert også tilbod om å booke møte med planutval og administrasjon for å presentere større prosjekt.

Møteplan: Dato: Klokkeslett: Stad:

Næring og Akvakultur 23.10.2017 17:30-19:00 Sund kommunehus
Tilgang til sjø 02.11.2017 17:30-19:00 Sund kommunehus
Bustadutvikling 13.11.2017 17:30-19:00 Sund kommunehus
Kontordag 29.11.2017 13:00-19:00 Sund kommunehus


Sund kommune opnar for å kome med skriftlege innspel til kommuneplanens arealdel, uavhengig av om ein har delteke på medverknadsmøter eller kontordag.

Innspela skal merkast med saksnummer 16/2997. Bruk skjema "høyringsuttale" for innsending av innspel.


Merknadsfrist er sett til 14. januar 2018.


Vi håpar på godt oppmøte.

 

Sist endra 19.10.2017

Kontakt

Ole-Karsten Midtgård
Ole-Karsten Midtgård
leiar areal
Telefon: 56 32 75 27