Høyring - Detaljreguleringsplan for Skogsskiftet sentrum

Detaljreguleringsplan for Skogskiftet sentrum er utarbeidd parallelt med og i samspel med kommunedelplan for Skogsskiftet. Ein vil difor sjå at planen har felles planrapport med kommunedelplan for Skogsskiftet

Hovudføremålet med planarbeidet har vore å leggje til til rette for vidare utvikling av Skogsskiftet som lokalsenter. Det vert lagt til rette for nye forretningar, kontor, bustadar, eit hovudtorg og to mindre gatetorg. Sentrumsområdet skal koplast til turløype rund Skogsvatnet, og det vert også lagt til rette for badeplass i Skogsvatnet.

Bussparkering og brannstasjon skal få ny plassering utafor sentrumskjerna for å opne opp for torg og forretningar. Det vert lagt til rette for ei auke i handelsarealet i sentrum på til saman 14 000 m2 BRA. Største del av dette arealet er lagt til området nemnd som BS i plankartet, vis-a-vis busstasjon og dagens bussparkering. Det er også lagt til rette for utviding av kjøpesenteret Sund senter.

Høyring - Dokument til detaljreguleringsplan for Skogsskiftet
Tittel Publisert Type
1. Føresegner

09.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Føresegner detaljregulering Skogsskiftet sentrum_02102019.pdf
2. Plankart

09.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Plankart_Skogsskiftet_Detaljregulering Sentrum_20191002.pdf
3. Planrapport

09.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned planrapport per 03.10.2019.pdf
4. ROS-analyse

09.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned ROS-analyse_Detaljregulering og KDPl_pdf.pdf

 

Har du spørsmål eller merknad til planarbeidet?

Send inn elektronisk på skjema høyringsuttale eller til postmottak@sund.kommune.no. Husk å merk med saksnummer 18/2075.

Frist for å kome med innspel er sett til: 20. november 2019

Meir informasjon om planforslaget:

Hovudgrepet i planen er å legge til rette for etablering ein gangakse i nordvest-søraustretning gjennom senterområdet. Denne gata eller aksen vil fungere som fysisk ramme for vidare utbygging av Skogskiftet. Sentrumsaksen koplar saman eksisterande og nye sentrumsfunksjonar, dei sentrumsnære friområda og Skogsvatnet. Langs aksen er det lagt til rette for gåande, syklande og for utandørs opphald og aktivitetar, samt forretningar på gateplan, forretning eller kontorareal i påfølgjande etasje og bustadar i dei øvste etasjane.

Det er også satt av soner til delt trafikk (gåande, syklande, busser og biler). Dermed fungerer også aksen/gata både som trafikalt knutepunkt og som viktig offentleg møteplass i tettstaden. Vidare legg planen tilrette for ein økt utnytting av sentrumstomtane.

Klikk for stort bileteFramlegg til detaljreguleringsplan for Skogsskiftet

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Innanfor planområdet er det for Skogsskiftet planlagt ei endring til gatestruktur for vegane rundt eksisterande bussterminal/haldeplass. Dette er eit grep som skal bidra til den ynskja transformasjonen til ein tettstad med meir sentrumspreg. Dette gjeld Skogevegen, frå fylkesvegen fram til Hald stadion, og Grønebakksvegen. Desse vil få fartsgrense 40 km/t, fleire kryssingspunkt for mjuke trafikantar og tosidige fortau med kantstein.

For Skogevegen vert det fram til Hald stadion planlagt gate med to køyrefelt og tosidig løysing for mjuke trafikantar.

Klikk for stort bileteIllustrasjon av kryssingspunkt for mjuke trafikantar i sentrum av Skogsskiftet

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Skogevegen og Grønebakksvegen er tilpassa den framtidige løysinga for fv. 555, Sundvegen. Den største endringa i køyremønster for Skogsskiftet er at delar av Grønebakksvegen vert gjort om til kollektivgate og einvegskøyring for biltrafikk sør for bussterminalen i retning sør. For krysset mellom Sundvegen og Grønebakksvegen vil det i den framtidige løysinga for fylkesvegen vera høyre av og på som gjeld. Vegen mellom helsehuset og Sund senter vil verte stengt for gjennomkøyring.

Gatetuna har som føremål å binde saman delområda og skape møteplassar.

Kontakt

Mona Rabben
Rådgjevar plan
Telefon: 56327586