Høyring - Arealdelen av kommuneplanen i Sund

Klikk for stort bilete

Planutvalet legg ut forslag til arealdelen av kommuneplanen til offentleg ettersyn.

 

Høyring - Dokument til arealdelen av kommuneplanen
Tittel Publisert Type
1. Plankart

01.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 1. Plankart.pdf
2. Føresegner

01.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2. Føresegner.pdf
3. Planomtale

01.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 3. Planomtale.pdf
4. Saksutgreiing

01.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 4. Saksutgreiing.pdf
5. Konsekvensutgreiing og ROS analyse

03.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned KONSEKVENSUTGREIING OG RISIKO_02.10.2019.pdf
6. Rapport funksjonell strandsone

01.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 6. Rapport funksjonell strandsone.pdf
7. Rapport akvakultur

01.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 7. Rapport akvakultur.pdf

 

Høyring - Kartusnitt - arealdel av kommuneplanen
Tittel Publisert Type
Høyringsutkast_Eide_Glesnes

07.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Høyringsutkast_Eide_Glesnes.pdf
Høyringsutkast_Forland

07.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Høyringsutkast_Forland.pdf
Høyringsutkast_Høyland_Kleppe

07.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Høyringsutkast_Høyland_Kleppe.pdf
Høyringsutkast_Lerøy

07.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Høyringsutkast_Lerøy.pdf
Høyringsutkast_Roksneset

07.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Høyringsutkast_Roksneset.pdf
Høyringsutkast_Skogsvåg_Klokkarvik

07.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Høyringsutkast_Skogsvåg_Klokkarvik.pdf
Høyringsutkast_Telavåg

07.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Høyringsutkast_Telavåg.pdf
Høyringsutkast_Tofterøy

07.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Høyringsutkast_Tofterøy.pdf
Høyringsutkast_Tyssøy

07.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Høyringsutkast_Tyssøy.pdf
Høyringsutkast_Vardøy

07.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Høyringsutkast_Vardøy.pdf
Høyringsutkast_Varøy

07.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Høyringsutkast_Varøy.pdf
Teiknforklaring

07.10.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Teiknforklaring.pdf

Private som har kome med innspel til planarbeidet får eige brev, men må orientere seg på kommunen sine nettsider om utfallet av innspelet.

Arealdelen til kommuneplanen viser hovudtrekka i korleis areala i kommunen skal brukast og vernast, og kva som må takast omsyn til ved disponering av areala for å oppnå måla for den ønska samfunnsutviklinga. Arealdelen omfattar plankart, føresegner og planskildring med konsekvensutgreiing og risiko- og sårbaranalyse. Arealdelen til kommuneplanen (KPA) er bindande for framtidig arealbruk, og vedteken plan skal leggast til grunn for vidare planlegging og forvalting.

plankartet vil de finna dei endringane som er føreslått for kommande planperiode. Her vil ein sjå om eigne innspel er teke med. Nye føremål er markert med ein skarpare farge i plankartet. Eksisterande føremål har ein «dusare» farge.

Føresegnene til ny KPA er endra og omstrukturert. Her vil ein også kunne sjå kvotar for bygging i LNF-spreidd områda.

Planomtala gjev utfyllande informasjon om endringane og bakgrunn for vala som er gjort.

Møtebok gjev ei samanfatting av planprosessen og planforslaget.

Konsekvensutgreiing og risiko og sårbaranalyse er eit fagnotat som vurderer om ønska endring er fagleg tilrådeleg eller ikkje.

Har du merknad til dei foreslåtte endringane?

Send inn elektronisk merknad
 

Bruk saksnummer: 16/2997

Du kan og sende merknad på e-post postmottak@sund.kommune.no eller pr. post til Sund kommune, Areal, Pb 23, 5371 Skogsvåg. Hugs å merk med sak 16/2997.

Frist for å kome med merknad: 13.11.2019

 

Kvifor rullerer Sund kommune arealdelen?

Hovudformål - Nærsenter, bustadutvikling, tilgong til sjø, næringutvikling

Hovudføremålet med planarbeidet har vore å utarbeide ein overordna arealplan som skal vere eit godt styringsverktøy for arealbruken i Sund kommune, og vidare inn i nye Øygarden kommune. Det er ei målsetting at folkehelsa i kommunen skal liggje til grunn for arealpolitikken.

I arbeidet med arealdelen av kommuneplanen er det definere nye nærsenter rundt skulane i Spildepollen og Forland/Stranda. Her ønskjer ein å leggje til rette for tilbod som er lokalt retta.

Vidare har ein hatt fokus på bustadutvikling som støttar opp under dei etablerte bygdene og i dei nye nærsentra i kommunen. Det er lagt ut nye kvotar for bygging i bygdene. I tillegg er det lagt inn forslag til fleire nye bustadområder med krav om reguleringsplan. Nokre bustadområder som har lagt i KPA i to planperiodar eller meir er foreslått tatt ut av planen.

Det har vore fokus på allmentas tilgang til sjø framfor enkeltinnspel om tiltak i strandsona. Fleire av innspela som har blitt foreslått som nye naustområder er vurdert å vere negativt for allmentas tilgong til sjø. Desse områda har ein lagt ut som småbåthamn på land/i sjø, slik at ein kan skape «marine miljø». Det er lagt ut nye kvotar for bygging av naust i etablerte naustområder definert som LNF der spreidd naustbygging er tillat.

Det har også vore fokus på vidare næringsutvikling, særskilt dei marine næringane, inkludert akvakultur. Det er lagt ut forslag om fleire nye område til LNF der spreidd næring er tillatt.

Særskilt informasjon om endringar i LNF-spreidd områda og byggegrense mot sjø:  

I gjeldande plan låg mange store og samanhengande LNF-spreidd-formål oppå fulldyrka mark, overflatedyrka mark og beiteområde. Føresegnene stilte krav om at det ikkje var tillate å bygge på dyrka mark, dvs. at kartet og føresegnene ikkje samsvarte. Planen har no teke bort alle LNF spreidd-formål i område med landbruksverdiar. Avgrensinga av dei nye LNF spreidd-formåla har vore vurdert konkret for kvart formål basert på ein GIS-analyse, i tillegg til manuell gjennomgang. Formåla er avgrensa av t.d. dyrka mark, funksjonell strandsone, vassdrag, kulturminne og andre viktige omsyn.

I den nye kommuneplanen vert det skilt mellom funksjonell strandsone og byggegrense mot sjø. Den funksjonelle strandsona er bestemt ut i frå skjønn, og står i direkte samspel med sjø når det gjeld biologisk mangfald, friluftsliv, landskap og kulturmiljø. Dette er kommunen si vurdering av kva som er den mest verdifulle strandsona. Den funksjonelle strandsona er ei heiltrekt, lyseblå illustrasjonslinje og er ikkje ei juridisk linje. Byggegrense mot sjø er ei lokal tilpassing av byggeforbodet i 100-metersbeltet jf. plan- og bygningslova § 1-8, og er juridisk bindande for nye tiltak. Byggegrensa er framstilt som ei stipla, mørkeblå linje.

Det er kome inn vel 150 innspel til arealdelen, og alle innspela er først vurdert opp mot målsettingane med denne rulleringa. Det er gjennomført ei rekkje politiske møter og synfaringar for å vurdere innspela. Dei innspela som vart teke med vidare har så vore gjennom konsekvensutgreiing og risiko og sårbarheitsanalyse.

 

Det er kome inn vel 150 innspel til arealdelen, og alle innspela er først vurdert opp mot målsettingane med denne rulleringa. Det er gjennomført ei rekkje politiske møter og synfaringar for å vurdere innspela. Dei innspela som vart teke med vidare har så vore gjennom konsekvensutgreiing og risiko og sårbarheitsanalyse.

Kontakt

Mona Rabben
Rådgjevar plan
Telefon: 56327586