FV 555 Kolltveit - Vorland - Sotrasambandet

Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Fv 555 Kolltveit - Vorland - Sotrasambandet.

 

I samsvar med Plan og bygningslova § 12-10 vert det med dette kunngjort at Fjell kommune og Sund kommune har vedteke å leggja ut til offentleg ettersyn og høyring framlegg til reguleringsplan for Sotrasambandet, ny fv 555 mellom Kolltveit i Fjell og Vorland i Sund.

Planområdet er delt i to planar:

Parsell Kolltveit - kommunegrense Sund (i Fjell kommune)

Parsell Fjell kommunegrense  - Vorland (i Sund kommune)

Fjell og Sund kommunar har i nært samarbeid med Statens vegvesen utarbeida framlegg til detaljreguleringsplan for ny fylkesveg 555 mellom Kolltveit og Vorland i Sund.

Oversikt tiltak - Klikk for stort bilete

Offentleg ettersyn

Reguleringsplanane er lagt ut til offentleg ettersyn og høyring i perioden 14.12.2018 – 1.02.2019. Frist for uttale er sett til 01.02.2019.

Merknader

Eventuelle merknader som gjeld parsell frå kommunegrense mot Fjell til Vorland skal sendast skriftleg til Sund kommune, postboks 23, 5371 Skogsvåg eller via elektronisk skjema på denne sida. Det er også mogleg å sende på e-post til: postmottak@sund.kommune.no Hugs å merke sendinga med saksnummer 18/2262

Eventuelle merknader som gjeld parsell frå Kolltveit til kommunegrense mot Sund, skal sendast skriftleg til Fjell kommune, Plan- og eigedomssjefen, Postboks 184, 5342 Straume. Ein kan også sende e-post til postmottak@fjell.kommune.no eller bruke elektronisk skjema. Hugs å merke sendinga med saksnr. 2017/1174.

Planane finn du på Servicetorget i Fjell rådhus og Fjell folkeboksamling på Straume, Sund kommune sine nettsider, og i Biblioteket på Sund senter og Servicekontoret på kommunehuset.

 

 

Kontordag

Det vil verta halde kontordag på Fjell Rådhus tysdag 8.01.2019 kl 1500-1900, der alle som treng meir informasjon om planframlegget er inviterte til å komme.

Alle som treng meir informasjon om planframlegget i Sund kommune kan ta kontakt og få avtalt eigne møter med planleggjarane i Sund.

Spørsmål i tilknyting til reguleringsplanen i Fjell kan rettast til:
Fjell kommune v/Einar Lunde, tlf 55 09 73 74 e-post: einar.lunde@fjell.kommune.no

 

FV 555 KOLLTVEIT - VORLAND - SOTRASAMBANDET
Tittel Publisert Type
Mellombels løysing Krossleitet 1

14.12.2018 Filtype
Planskildring 1

14.12.2018 Filtype
Reguleringsføresegner Fjell 1

14.12.2018 Filtype
Reguleringsføresegner Sund 1

14.12.2018 Filtype
Ros analyse 1

14.12.2018 Filtype
Rplan komplett 1

14.12.2018 Filtype
Saksdokument Fjell 1

14.12.2018 Filtype
Saksdokument Sund 1

14.12.2018 Filtype