Tilskotsordningar kultur

 I Sund kommune kan du søkje om ulike tilskot innan kultur.

Spelemidlar:

Lag og organisasjonar i Sund kan søkje om statstilskot til anlegg for idrett og fysisk miljø og til ordinære nærmiljøanlegg. Søknad skal sendast elektronisk på sida idrettsanlegg.no

Kulturmidlar - Søknadsfristen 1. april :

Kommunal stønad til å drifta laga kan tildelast etter søknad frå lag og organisasjonar som er lokaliserte og har aktivitet i Sund kommune. Arbeid for og med barn og unge har prioritet. Ein må søkje på elektronisk søknadsskjema.

Ressurskoplingsmidlar - Søknadsfrist 1 juni:

Ressurskopling skal fungera som eit spleiselag mellom frivillige og offentlege om prosjekt som skapar aktivitet i Sund. Det må leggjast fram budsjett og plan for gjennomføring av prosjektet saman med søknaden.

Søknad om ressurskoplingsmidlar skal sendast til Sund kommune, Pb 23, 5371 Skogsvåg eller til postmottak@sund.kommune.no




 

Sist endra 31.01.2017

Kontakt

Britt Tove Fjeld Skaga
Britt Tove Fjeld Skaga
Telefon: 56 32 75 04
Mobil: 957 73 797