Kyrkjene i Sund

I Sund har vi to kyrkjer, Kausland kyrkje og Sund kyrkje. Kausland kyrkje ligg på Kausland og vart bygd i 1881. I tilknyting til kyrkja ligg det eit kyrkjelydshus som vart bygd i 1996. Sund kyrkje ligg i Klokkarvik og vart bygd i 1997,  etter at den gamle kyrkja frå 1877 brann ned i 1993. Sund kommune er eit sokn og dermed ein kyrkjelyd.

Kausland kyrkje - Klikk for stort bileteKausland kyrkje Beate Husa

Det vert halde gudsteneste kvar søndag i soknet, annankvar søndag i Kausland kyrkje og annankvar søndag i Sund kyrkje.

Kyrkjekontoret ligg i Klokkarvik, i underetasjen av kyrkja. Opningstidene er måndag og fredag 9-14 og onsdag 11-14.

Kyrkjelyden har aktivitetar på vekedagane,  som barnekor, vaksenkor, konfirmantaktivitetar, formiddagstreff, trusopplæringsaktivitetar og alfa-kurs.

Sund kyrkje på Klokkarvik - Klikk for stort bileteSund kyrkje på Klokkarvik Knut Georg Flo

Seks gonger i året gjev vi ut Sund sokneblad, der du kan lese aktuelt stoff og få vite om dei ulike aktivitetar som skjer i kyrkjelyden. Bladet blir distribuert i alle postkassar.

I tillegg er vi å finne på Facebook under «Sund sokn».

Sist endra 26.10.2016

Kontakt

Kyrkjekontoret i  Sund
Kyrkjekontoret i Sund
Telefon: 56 31 90 80
Mobil: 926 83 771
Beate Husa
Beate Husa
Kyrkjeverje
Telefon: 56 31 90 84