Idrettslag i Sund

Her er dei tre største idrettslaga i Sund.

Sund sportsklubb:

  • Her finn du tilbod innan handball, volleyball, fotball og futsal.

Handballgruppa trenar og spelar heimekampar i Sundhallen. Futsalgruppa har og treningstider i Sundhallen.

Volleyballtreninga er i Strandahallen tysdagar frå kl. 19.30 til 21.00 og er førebels for 6. og 7. klasse.

Sund Sportsklubb eig Hald stadion. Eit komplett fotballanlegg, med to kunstgrasbanar,med flomlys og klubbhus. Klubbhuset vart bygd i 1984 og kunstgrasbana nede i 2002. I 2018 vart grasbana oppe på området oppgradert til kunstgras. Sund Sk har og eit nytt sandvolley/handball anlegg.


Anlegg og sportslig drift i Sund Sportsklubb er fullt og heilt dugnadsbasert.

Alle medlemmar har tilbod om symjing i symjehallen etter oppsett tid i utleigeplanen.
 

Skogsvåg idrettslag:

  • Her finn du tilbod innan fotball, allidrett og friidrett

Skogsvåg Idrettslag eig Skogsvåg Stadion. 

Stadion består av kunstgrasbane, ballbinge, løpebane med tartandekke, lengdehoppgrop, kulestøtsområde, stavsprangsmadrass, tennisbane og tribune. Ballhus med kiosk og utstyrslager, og klubbhus med opphaldsrom og gardrobar er plassert like ved.

Klubben har og tilgong til Sundhallen som ligg like ved.

Telavåg idrettslag:

  • Her finn du tilbod innan fotball

Telavåg stadion ligg i Telavåg like ved Nordsjøfartsmuseet.

         

Kontakt

Sund Sportsklubb
Sund Sportsklubb
Skogsvåg  idrettslag
Skogsvåg idrettslag
Telavåg idrettslag
Telavåg idrettslag