Idrett og friluftsliv

I Sund kommune har vi fleire idrettslag med varierande tilbod. Dei største er Sund sportsklubb, Skogsvåg idrettslag og Telavåg idrettslag.

I tillegg har vi mange flotte turstiar som vert nytta. Sund turlag merkar og gjer stiane lett framkommeleg. Årleg kjem det eit kystpass med løyper, turskildringar og informasjon om løyper og natur.

Ved Stranda skule ligg symjehallen vår. Der er det blandt anna offentleg bading, både for barn og voksen, gjennom skuleåret. Sjå utleigeplan for symjehallen for tilbod som fins der pr. dato.

På Glesvær ligg sjøsportsenteret Sjøvang. Der kan du delta i vannsportsaktivitetar som windsurfing, wakeboarding, vannski, tubes, kajakk, kano m.m. I andre etg. har Sund rockclub sine øvingslokale. Her kan ungdommar i Sund som er interessert i musikk komme og øve og spele saman. Øvingslokala er lydtette og fullt utstyrt med det som trengs.

Tekslo dykkerklubb vart stifta i 1986, og held til ved Kleppe Båtlag der dei har båt og kompressor tilgjengeleg. Klubben sin aktivitet er aukande og nye medlemmar er velkommen.

Sotra Motorkross klubb blei stifta i 1992. Klubben held til i Skogsskiftet/Trengereid. Dei driv med motorkross og knattecross.

Sund kystlag held til på Klokkarvik og eig sjøaktivitsenter. Der kan du delta på kurs i m.a. segling, kajakk osv.

I helsehuset i Skogsvåg finn du også treningssenteret Sprek og Blid.

 

 

Sist endra 19.07.2017

Kontakt

Britt Tove Fjeld Skaga
Britt Tove Fjeld Skaga
Telefon: 56 32 75 04
Mobil: 957 73 797