Frivillegerklæringa

Frivilligerklæringa er utarbeidd av ei arbeidsgruppe med frivillige frå idrett, kor, ungdomslag, kystlag, Røde Kors fleirkultur, Folkeakademiet og leiar av saksgruppe Levekår og nærmiljø.

 

Alle dei frivillige laga har aktivitet i Sund og er mottakarar av kulturmidlar etter søknad. Deltakarane i arbeidsgruppa har representert fleire enn berre seg sjølve og sine eigne lag.

Frivilligerklæringa vart godkjend av kommunestyret i 2017 og signert av Ordføraren, leiarar av Sund idrettsråd og Folkeakademiet i Sund.

Erklæringa skal vera i aktiv bruk og følgjast opp av både politikarar, administrasjon og frivillige lag og organisasjonar.

Frivilligkoordinator på Kulturkontoret kan svara på spørsmål og rettleia innanfor ulike tilskotsordningar.