Borgarleg vigsel

Klikk for stort bileteFrå 1. januar 2018 har kommunane ansvar for gjennomføring av borgarlege vigsel  i Norge.
Ordførar og varaordførar har mynde til å vigsle brudepar. I tillegg kan kommunestyret gje vigselsmynde til personar som er tilsett eller er folkevalde i kommunen.

Sund kommune har følgjande vigslarar:

  • Ordførar Kari-Anne Landro
  • Varaordførar Nils Kåre Skoge
  • Einingsleiar for kultur Laila Klemetsaune

Sund kommune gjennomfører vigslar siste fredag i månaden  i ordinær arbeidstid (mellom kl. 09 og 15)
og påfølgjande  laurdag føremiddag (kl. 10 – 14) etter avtale.

Dersom de ynskjer å gifte dykk  i mai, juni eller august bør de bestille i god tid, då dette er populære dagar.

Spørsmål og svar om borgarleg vigsel

Kva er prøvingsattest?

For å gifte seg i Noreg, må det fyrst vurderast om vilkåra for ekteskap er oppfylt. Dette vert kalla prøving av ekteskapsvilkåra, og vert gjort av folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. På bakgrunn av prøvinga vil folkeregisteret kunne gje ein prøvingsattest. Attesten er gyldig i fire månader frå den er utstedt.

Meir info om dette finn de på https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/ekteskap/

Dersom du får tilsendt prøvingsattesten via brevpost frå Skatteetaten, skal originalen leverast inn til kommunen ved bestilling av vigselstidspunkt.

Digital prøvingsattest:

No kan de og logga dykk inn på skatteetaten.no og søkje om prøvingsattest digitalt. . Handsamingstida kan være inntil tre veker dersom det er behov for manuell oppfølgjing, så ver ute i god tid, men likevel ikkje meir enn fire månadar før bryllupet skal stå. Ein prøvingsattest er berre gyldig i fire månadar, fordi opplysningane de oppgjev må være ferske.

Begge komande ektefeller må fylla ut kvar sin eigenerklæring, og forlovarane fyller ut forlovarerklæring. Nokon må fylla ut litt meir: Har du for eksempel vert gift før, vil det i nokon tilfelle være behov for å leggja ved ein erklæring om skifte. Ynskjer du å endre namn, må du fylla ut ei melding om endring av namn. Alt kan fyllast ut digitalt via Skatteetaten sine nettsider.

Når saka er ferdig handsama, får de melding om å logga dykk inn i Altinn for å lasta ned prøvingsattesten som stadfestar at de kan gifte dykk. Altinn er kryptert ende til ende, difor er dette ein sikker kommunikasjonskanal.

Ved bruk av digital prøvingsattest, vel brudedeparet sjølve korleis dei vil vidareformidla attesten til vigslar i kommunen. Enten via trygg, kryptert e-post i Altinn, vanleg brev eller med personleg oppmøte på Servicekontoret, kommunehuset.

Kva krev ein av dokumentasjon?

Legitimasjon

Legitimasjon må visast fram på vigselsdagen. Vi godtar gyldig pass, norske førarkort og bankkort med bilde og personnummer. Asylsøkjarbevis  vert ikkje godteke som legitimasjon.

Prøvingsattest

Original prøvingsattest må sendast inn / leverast inn samstundes med bestilling av seremoni. Attesten må ikkje vere eldre enn 4 månadar.

Særskild for utanlandske statsborgarar: Dokumentasjon på lovleg opphald i Noreg

Alle utanlandske statsborgarar, med unntak av nordiske borgarar, må dokumentere lovleg opphald i Noreg på vigselstidspunktet. Dette vert gjort ved innlevering/ innsending av prøvingsattest.

Korleis kan ein bestille tid for vigsel?

Du  kan bestille tid for vigsel  når du har motteke original prøvingsattest frå folkeregisteret. Du kan då levere inn prøvingsattesten  på servicekontoret i Sund kommune, og  då samstundes bestille tid for seremoni. Ta gjerne med legitimasjon. Du kan også sende original prøvingsattest  til servicekontoret i Sund pr. post eller via Altinn, men du må då legge ved følgjebrev  der du skriv kva dato du ynskjer å gifte deg.

Kor raskt kan vi gifte oss etter å ha levert original prøvingsattest?

De kan tidligast gifte dykk ei  veke etter at vi har motteke prøvingsattesten.  Vi reserverer ikkje tid før vi har motteke original attest. Attesten må vere gyldig på tidspunktet for vigsel.

På kva dagar kan vi gifte oss?

Sund kommune gjennomfører vigslar siste fredag i månaden  i ordinær arbeidstid (mellom kl. 09 og 15) og påfølgjande  laurdag føremiddag (kl. 10 – 14) etter avtale.

Dersom de ynskjer å gifte dykk  i mai, juni eller august bør de bestile i god tid, då dette er populære dagar.

Kvar held Sund kommune vigslar?

Sund kommune held  vigsler i eit seremonirom på kommunehuset i Skogsskiftet.

Kva kostar det å gifte seg?

Tilbodet er gratis dersom du bur i Sund kommune. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet.

Dersom du ikkje bur i kommunen du skal gifte deg i, og den som vigslar deg ikkje er frå din kommune kan det medføre kostnadar. Dette får du orientering når du tek kontakt til kommunen.

Korleis foregår seremonien?

Seremonirom

Seremonirommet ligg på kommunehuset i Skogsskiftet, og paret er velkomen til å ta med seg gjestar inn under seremonien.

Frammøte

Paret, forlovarane og  evt. gjestar må møte opp i god tid før avtalt tidspunkt for vigsel (min. 10  min). Paret må vise legitimasjon før seremonien starter. Seremonien vert ikkje gjennomført uten framsyning av legitimasjon.

Vitne

To vitne må vere tilstade under seremonien. Det kan vere forlovarar eller to andre myndige personar. Vitna må vise legitimasjon før seremonien startar.

Språk

Det kan på førehand gjerast avtale om at vigselen skal gjennomførast på engelsk. Dersom paret verken forstår norsk eller engelsk, må paret sjølv ta med kvalifisert tolk.

Seremonien

Det er sett av om lag  15 min. til kvart par. Under seremonien vert formular for borgarleg vigsel  lese  opp. Paret vert så spurd om dei vil ha kvarandre til ektefellar. Til slutt underteiknar paret, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.

Borgarleg vigselsformular

Ringar

Det er mogleg å sette på  ringar under seremonien. Ver vennleg å gje beskjed om dette til vigslaren før seremonien startar.

Kunstnariske innslag

Som ein del av seremonien, ynskjer nokon å inkludere musikk eller diktlesing. De kan også ta med eigne instrument ev. cd-spelar. Dersom de ynskjer andre  innslag må det gje beskjed om dette på førehand

Fotografering

Fotografering og filming kan skje under og etter seremonien, i forståing med paret.

Parkering

Brudeparet og gjestar kan parkere utanfor kommunehuset.

Kan personar av samme kjønn gifte seg?

I januar 2009 fekk Norge kjønnsnøytral ekteskapslov. Det inneber at personar av same kjønn kan gifte seg. Tidlegare inngått partnarskap  kan gjerast om til ekteskap ved søknad til folkeregisteret. Informasjon om dette finn de på www.skatteetaten.no

Vil du gifta deg i utlandet?

Informasjon om dette finn du på skatteetaten si heimeside; https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/ekteskap/ekteskap/i-utlandet/