Bibliotek

Sund folkebibliotek finn du i Skogsvåg. På biblioteket kan du låna bøker, lydbøker, tidsskrift, filmar m.m. Vi har tilbod både til born og vaksne.

Alle bibliotek i landet samarbeider, så er det ei bok du ikkje finn i Sund folkebibliotek, kan denne tingast frå andre bibliotek. Du vil få ei melding når boka kjem til biblioteket i Sund.

I biblioteket kan du og :

Lese aviser, få hjelp til informasjonshenting, ta fotokopiar, surfe på internett og slappe av. Og det beste av alt - Alt dette er gratis !

Sund folkebibliotek har fått trådlaust nettverk. Ein kan ta med seg sin eigen bærbare pc og bruke internett i biblioteket. Det kan vere ein fordel å kunne bruke eiga programvare og laste ned og lagre direkte på maskina. Tilgang til nettet får ein ved å få tildelt passord av bibliotekpersonalet. Tilbodet er gratis.

Opningtider :

  • Må/Ty/Fre - Kl. 10 - 16
  • Tors - Kl. 10 - 18
  • Onsdag - Stengd
  • Første laurdag kvar mnd. kl. 10 - 14
Sist endra 23.03.2017

Kontakt

Sund Folkebibliotek
Sund Folkebibliotek
Telefon: 56 32 76 00
Bente Fosse
Bente Fosse
Leiar biblioteket
Telefon: 56 32 76 01