Sund bygdebok

Bygdebøkene inneheld historiar til grendene her i Sund, og viser slektssoga til dei som bur og har budd i kommunen.

Det er skrive i alt 6 bøker, og desse kan du kjøpa i biblioteket som ligg på Sund senter.

Kultursoga - Sund på Søre Sotra

Klikk for stort bileteI siste sving før Sund kommune vert historie, kjem kultursoga til kommunen ut mellom to permar. Boka Kultursoga set punktum for bokverket Sund på søre Sotra. Boka vert lansert torsdag 5. desember kl. 18.00 på Spildapollen skule.

Pris 

Du kan kjøpe boka Kultursoga til kr. 500,-

 

 

Sund bygdebok til redusert pris

I samband med at Sund kommune sluttar å eksistera som eigen kommune ved årsskiftet, sel vi ut alle banda i gards og slektshistoria (band 1 – 5) for kr 100 pr bok.

Dette er eit svært godt tilbod for å supplera bøker du eventuelt ikkje har frå før eller du kan kjøpa bøker som gåve. Bygdebøkene utgjer eit praktverk som er verd å sikra seg mens det enno er tid!

Bøkene kan kjøpast på Sund folkebibliotek frå og med 24.oktober.

Bøkene kan de kjøpa til redusert pris her:

  • Biblioteket Sund senter
  • Nordsjøfartsmuseet i Telavåg

 

Forprosjekt til kultursoga (PDF, 10 MB)

Oversikt over bøkene i Sund bygdebok
Oversikt over bøkene i Sund bygdebok
Bok Innhald Pris
Bok nr. 1 Omhandlar Tyssøyna, Bjelkarøyna, Bukken, Lerøyna, Sund Prestegard, Nygård, Limavågen, Børnesvågen, Nedre Børnes, Øvre Børnes, Førde og Høyland. Kr. 100,-
Bok nr. 2 Omhandlar Kleppevik, Kleppe, Forland, Sæle, Hummelsund, Vikso, Vardøyna, Opsøyna, Tyrnevika og Trellevika Kr. 100,-
Bok nr. 3 Omhandlar Tofterøyna, Stranda, Vorland og Kausland Kr. 100,-
Bok nr. 4 Omhandlar Glesnesholmen, Glesnes, Øvre Golta, Nedre Golta, Selstøa, Asphaugen, Øvretveita, Midttveita, Telle og Nipa Kr. 100,-
Bok nr. 5 Omhandlar Spilda, Kåravika, Eide, Tveita, Hammersland, Dommedal, Litle-Sangolt, Store-Sangolt, Skaga og Skoge Kr. 100,-
Bok nr. 6 I siste sving før Sund kommune vert historie, kjem kultursoga til kommunen ut mellom to permar. Boka Kultursoga set punktum for bokverket Sund på søre Sotra.Kultursoga inneheld foto av funn frå arkeologiske utgravingar i kommunen dei siste åra. Boka fortel om kor hardt råka Sund var av svartedauden, og om korleis menneska levde i det gamle fiskarbondesamfunnet. Kr. 500,

Kontakt

Britt Tove Skaga
Telefon: 56 32 75 04
Mobil: 957 73 797