Kulturvern

Kulturminne og kulturmiljø med deira eigenart og variasjon skal vernast både som ein del av vår kulturarv og identitet og som ledd i ei heilskapleg miljø-og ressursforvaltning.

Kulturkontoret har ein liten budsjettpost til kulturvern. Målet er å støtta private eigarar med medfinansiering og kunne medverka til at dei kan søkja fylkeskommunen og kulturminnefondet.

Olav Toft si samling på Tofterøy skulehus viser gjenstandar heilt frå steinalderen. Utstillinga gir eit godt innblikk i korleis folk levde og arbeidde. Samlinga er mogleg å sjå ein søndag i månaden.

Nordsjøfartmuseet viser kva som skjedde i Telavåg under krigen og vidare om nordsjøfarten over til Shetland. Museet formidlar at vi har ei felles historie under krigen, men også før og etter. Dette er grunnen til at Sund og Scalloway har signert ein venskapsavtale om kulturutveksling.

Kulturminneplanen (PDF, 6 MB) omhandlar kulturminne og kulturmiljø som skal takast vare på som del av kulturarven og identiteten vår og som ledd i ei heilskapleg miljø-og ressursforvaltning. Kommuneplanen har definerte omsynssoner for kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap i arealdelen. Kulturminneplanen omtaler særeigne kulturminne frå eldre steinalder til i dag. Den viser til registreringar og litteratur, som kan bidra til meir kunnskap og opplevingar knytt til einskilde kulturminne.

Sist endra 17.08.2017

Kontakt

Laila Klemetsaune
Laila Klemetsaune
Head of Culture
Telefon: 56 32 75 21