Kulturplan

Kulturplanen er ein kommunedelplan for Sund kommune, og heimla i kulturlova. Den er eit viktig styringsdokument for kommuneleiinga, og skal samtidig fungera som ei inspirasjonskjelde for lokal kulturutvikling. Kultur formar framtida.

Kulturplan for Sund 2012-2022 (PDF, 3 MB)

 

Framside kulturplanen i Sund - Klikk for stort bilete Sund er ein relativt liten kystkommune som ligg ein halvtimes køyring frå Bergen. Kva har det å seia for kulturlivet i grendene og kommunen?

Sund har kulturtilbod i mindre skala, og ein natur som innbyr til kreativ aktivitet. Korleis kan vi kopla den tradisjonelle kulturen til framtidsretta og levande kystkultur? Korleis skapa gode tilbod som er attraktive for både innbyggjarane og dei som kjem på besøk til oss?

"I Sund vil eg leva, i Sund vil eg bu,
her trivst eg i kuling og kast.
Du kan ikkje riva meg opp, må du tru,
for rota mi sit ganske fast"

- Frå Sundsongen (tekst av Harald Gjørven, 1999)

 
 
 
 
Sist endra 22.02.2017

Kontakt

Laila Klemetsaune
Laila Klemetsaune
Leiar kultur
Telefon: 56 32 75 21
Mobil: 915 20 620