Kleppevikfondet

Johannes Kleppevik - Klikk for stort bileteStiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond er i samarbeid med Sund kommune basert på midlar frå Sparebanken Vest. Stiftinga sitt føremål er å fremja kystkulturen i Hordaland.

Kvart år vert det delt ut ein minnepris som går til einskildpersonar, lag eller organisasjonar som på ein framifrå måte har fremja kystkulturen i Hordaland.

Styret i stiftinga ynskjer at kulturkontora i Hordaland gjer minneprisen kjend i sine kommunar. Kommunen sjølv kan også koma med framlegg på kandidatar som fortener prisen.

Frist for å koma med framlegg er 1. juni

 

Framlegg vert å senda Sund kommune, kultur, Pb 23, 5371 Skogsvåg eller pr. e-post til postmottak@sund.kommune.no