Kven kan søkja?
Du som har nedsett funksjonsevne. Familiar til barn med nedsett funksjonsevne.
Ordninga føreset at du må kunna rettleie assistenten sjølv (ta arbeidsleiarrolla) eller finna andre som tek arbeidsleiarrolla.
Korleis søkja om tensester organisert som BPA?
Fyll ut skjema og send dette til:
-
Sund kommune, postboks 23, 5371 Skogsvåg
Dersom andre søkjer for deg, må du legge ved signert fullmakt.
Spørsmål eller hjelp?
Har du spørsmå eller treng hjelp til utfylling?
Kontakt Tiltak funksjonshemma på telefon 56 327831, vekedagar mellom kl. 08.00 og 15.30
Generell informasjon
Saksbehandlar vil ta kontakt for eit heimebesøk så snart råd er etter at søknad er motteken. I samtale med deg vert hjelpebehova konkretisert. Det vert vurdert om denne ordninga vil fungere i din situasjon og om anna type hjelp kan vera aktuell.
Du/De vil/kan vera med i prosessen med å lyse ut og tilsette assistentar.