Psykiatrisk dagtilbod

Målet med dagtilbodet er å bryte isolasjon og einsemd. Gjennom aktivitet kan ein få oppleving av meistring og tilhørighet.
 

Vi driv på med ulike aktivitetar :
 

  • Brukarmøter der tema er å ta del i planarbeidet på dagtilbodet
  • Sosial samvær
  • Turar i skog og mark
  • Fellesarrangement med Fjell og Øygarden
  • Matlaging
  • Baking
  • Handarbeid

Tirsdagar er det mest inneaktivitetar / aktivitetar på området.

Torsdagar er det turdag. Det varierar om det er tur i skog og mark eller busstur for å besøkje kulturopplevingar, kafèbesøk eller liknande. Husk å ha gode kle og sko på turdagar.

Det blir laga aktivitetsplan ilag med brukarane for ein månad om gongen. Det er då husmøte i forkant av dette.

Dersom du ynskjer å ete lunsj på dagtilbodet kostar det kr. 30,- Det varierar om det er varm eller kald mat. På turar blir det og servert lunsj for dei som ynskjer det. På kafèbesøk betalar alle kvar for seg. For transport må ein betale ein eigenandel. 

Sist endra 23.03.2017

Kontakt

Monica Landro
Monica Landro
Einingsleiar psykisk helse og rustenester
Telefon: 56 32 75 00