Kommunepsykolog for vaksne

Kommunepsykologens jobb er behandling og førebygging av psykiske lidingar, samt ivaretaking av kommunens psykologfaglege kompetanse innan psykisk helse for vaksne. Tenester innan psykisk helsevern skal leggje mestrings- og brukarperspektivet til grunn, og bidra til betre levekår for menneske med psykiske lidingar. Tidlig behandling tar spesielt sikte på å unngå langvarig sjukemelding. 

Målgruppe:

  • Dei som har bustadsadresse i kommunen
  • Dei som arbeidar eller går på skule i kommunen
  • Bustadlause har rett til nødvendig helsehjelp i den kommunen dei oppheld seg
  • Søkjarar over 16 år vert vurdert

Tilbod:

Individuell psykologhjelp:

  • Samtaler til menneske med lett til moderat angst- og depresjonsproblematikk, personar i livskriser, sorg og stressrelaterte vanskar.
  • Tilbod om kortvarig individuell terapi.
  • Hjelp til sjølvhjelp
  • Kort ventetid
  • NB! Vi gjer ikkje tilbod til pasientar som har rett til psykisk helsehjelp etter lov om spesialisthelsetenester. Desse skal tilvisast DPS.

Anna:

Kommunepsykologen er ein del av kriseteamet i Sund kommune (ved sorg, kriser og katastrofar).

Stad:

Kommunepsykolog for vaksne har kontor i Helsehuset i Sund, Skogsvåg.

Søknad:

Tilvising frå lege er påkravd, dersom anna ikkje er avtalt.

Pris:

Tenesta vil vere gratis.

 

Sist endra 23.03.2017

Kontakt

Ingvild  Hellesøy
Ingvild Hellesøy
Kommunepsykolog for voksen
Telefon: 56 32 75 00