Butilbod

Omsorgsbustader i Skogsskiftet (Sund kommune) - Klikk for stort bilete Vi har kommunale utleigebustader tilrettelagt for personar med psykiske lidelsar. Bustadane ligg i Grønebaksvegen sentralt i Skogsvågskiftet. Alle er universelt utforma.

Vi har og omsorgsbustader tilrettelagt for personar med rusavhengighet. Bustadane ligg på Klokkarvik.

Du må i tillegg søkje andre hjelpetenester  for eksempel psykisk helseteneste i heimen, praktisk hjelp og bistand, heimehjelp eller heimesjukepleie. Psykisk helsehjelp i heimen og praktisk hjelp og bistand blir gitt frå vår personalbase som er bemanna heile døgnet. Du må ha innvilga tenester frå oss for å få tildelt bustad.

Omsorgsbustader er ikkje ei lovpålagt oppgåve, men eit kommunalt tilbod til innbyggjarar med særskilde behov for tilrettelagt bustad.

Kven kan søkja?

  • Menneske med psykisk lidelsar med varige hjelpebehov i kvardagen
  • Du må ha bustadsadresse i Sund kommune.

Saksgang:
 

Søknaden blir behandla i Bustadsosialt team og du får ein tilbakemelding på din søknad.

  • Søkjar er ofte kjent for eininga  og vi kjenner til hjelpebehova ut frå  at ein allereie har tenester frå oss. Bustad blir tildelt når det er ledig bustad.
  • Om søkjar ikkje er kjent vil Psykisk helse og rustenesta  vil ta kontakt for å kartleggje dine hjelpebehov ut frå søknad om tenester i heimen
  • Saka blir etter dette drøfta igjen i Bustad sosialt team. Bustad blir tildelt ved ledighet.
  • Sund eigedomsselskap A/S  vil inngå ein leigeavtale med deg
  • Sund kommune fattar vedtak om at du er tildelt kommunal omsorgsbustad og det blir og fatta vedtak om tenester før innflytting

Det må søkjast om bustad i god tid, og det er viktig at tema blir drøfta i ansvarsgruppa og at det blir teke inn som mål i Individuell plan.

Korleis søkja?

  • Fyll ut søknadsskjema og send til Sund Eigedomsutvikling KF, Postboks 23, 5371 Skogsvåg

Spørsmål eller hjelp?

Har du spørsmål eller treng hjelp til utfylling av søknad?

Kontakt  :Psykisk helse og rustenesta på telefon 56 32 78 29

Ynskjer du hjelp til å kjøpe eigen bustad?

Om du ynskjer å kjøpe eller byggje  din eigen bustad i Sund kommune, ta kontakt med NAV for råd og rettleiing om bustad sosiale virkemidler/ Tilskotsordningar frå Husbanken.

Dersom du kjøper eigen bustad kan du søkje om tenester i heimen på lik linje som om du bur i omsorgsbustad.

Sist endra 30.11.2017

Kontakt

Monica Landro
Monica Landro
Einingsleiar psykisk helse og rustenester
Telefon: 56327500