Besøksheim

Å vere besøksheim inneberer at du tar imot barn eller ungdom ei eller fleire helger pr. månad. Det er viktig at du er ein trygg stabil vaksen med husrom, hjarterom og muligheit til gje omsorg til eit ekstra barn . Besøksheim er eit avlastningstiltak og ei støtte til familiar der barnet har særskilte behov. Besøksheimen skal ikkje erstatte barnets heim.

Målgruppe:

  • Einslege, par og familiar

Kriterier:

  • Det stilles ingen krav om at du har formell utdanning for å vere besøksheim. Den viktigaste eigenskapen er at du er personlig eigna. Du kan gjerne ha eigne barn, men vi anbefaler at dei  bør vere over 10 år. For å bli godkjent må du legge fram tilfredstillande politiattest. Det kan krevjast politiattest også frå andre som bur eller oppheld seg i heimen.

Søknad om å bli besøksheim:

  • Dersom dette er noko du kan tenkje deg kan du sende inn ein skriftleg søknad til:
    Sund kommune, Psykisk helse og rustenesta v/Monica Landro, Postboks 23, 5371 Skogsvåg eller til postmottak@sund.kommune.no, husk då å merk søknad med Psykisk helse og rustenesta.
Sist endra 29.11.2017

Kontakt

Monica Landro
Monica Landro
Einingsleiar psykisk helse og rustenester
Telefon: 56 32 75 00