Psykisk helse og rus

Målsettinga med psykisk helsearbeid i Sund kommune er å bidra til å fremje sjølvstende, tilhøyring og styrke evna til å meistre eige liv for menneske med psykiske lidingar.

Menneske med psykiske lidingar skal oppleva brukarmedverknad i praksis, - gjennom "anerkjennande samhandling" skal det skapast arenaer for vekst og meistring.

Psykisk helse og rustenesta i Sund samarbeidar med blant anna fastlegar, Nav, Øyane DPS, psykologar, sjukehus i Helse Bergen, barneverntenesta, helseavdelinga, vaksenopplæring, omsorgstenesta og tiltak for funksjonshemma.

Det er fleire måter å ta kontakt til oss på. Nokre velger kontakt via fastlege, sjukehus eller Nav.  Du kan og ta direkte kontakt til leiar i tenesta.

Pris:

  • Tenesta er gratis.

Vi tilbyr:

  • Støttesamtalar med mulighet for oppfølging i heimen
  • Råd og veiledning
  • Individuell plan
  • Støtte i sorg/kriser
  • Dagtilbod
  • Aktivitetstilbod
  • Kurs i depresjonsmestring
  • Oppfølging i omsorgsbustad

Målgruppe:

  • Personar som bur heime og har psykiske lidelser

Kriterier:

  • Som hovudregel må du ha bustadsadresse i kommunen. Bustadslause har rett til nødvendig helsehjelp i den kommunen dei oppheld seg. Søknaden blir vurdert opp mot ditt behov for tenesta.

Sist endra 18.07.2017

Kontakt

Monica Landro
Monica Landro
Einingsleiar psykisk helse og rustenester
Telefon: 56 32 75 00