Handsaming av søknad lagtidsopphald

Vurdering av kartlegging og behov vert gjort i samarbeid med søkjar/pårørande ved heimebesøk. Opplysningar frå fastlege, spesialisthelseteneste skal takast med i vurderinga. Etter ei totalvurdering av søkjar sitt behov vert det fatta eit vedtak.

Når søknad er motteken, vil inntaksnemnda kartleggja ønska og behova dine nærare. Om vi ikkje er kjend med situasjonen din, avtalar vi snarast eit heimebesøk. Du må gjerne ha med pårørande i møte.

Søknad vert behandla i det tverrfaglege inntaktsteamet til Omsorgssjefen. Du får skrifteleg vedtak om avgjerda som er teke. Inntaksteamet har møte kvar 14. dag.

Sund kommune tilbyr hovudsakleg opphald i Sjukeheim på einerom, men korttidsopphald vil stundom verta tilbydd på dobbeltrom.

 

Klage:

Klageretten er heimla i lov om pasient og brukerrettigheter § 7-2 og forvaltningslova §§ 28-36. Klagen skal stilast til fylkesmannen, men skal sendast til den instans som har gjort vedtaket.

Einingsleiar førebur klagesaka og legg saka fram for klientutvalet for handsaming. Dersom klientutvalet opprettheld tidlegare vedtak, går klagen til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Sist endra 28.03.2017