Langtidsplass i Sjukeheim

Vurderingsgrunnlag for plass:

Behov for varig heildøgns pleie- og omsorg grunna langt komen demenssjukdom eller anna varig sjukdom som er uforeinleg med å bu heime.

I Sund kommune er langtidsplassar lagt til Sundheimen som ligg i Skogsvåg.

Send utfylt og signert skjema til:

Sundheimen
Hidlamyrsvegen 1
5382 Skogsvåg

Kriterier for tildeling av plass:

  • Personar som har behov for langvarig helse- og omsorgstenester gjennom heile døgnet
  • Personar i livets sluttfase med behov for lindrande behandling
  • Personar med demenssjukdom som har behov for kontinuerlig oppfølging, skjerming og omsorg.

Venteliste:

Dersom søkjar fyller kriterier for langtidsopphald og det ikkje er ledig plass, kan vedkommande få helse- og omsorgstenester i heimen i ventetida dersom det er forsvarleg. Kommunen må registrere søkjar på ei venteliste. Ved ledig plass skal den med størst hjelpebehov ut frå kriteria få tildeling av plass.

Privat Sjukeheim:

For nærare informasjon ta kontakt med Solhaug sjukeheim.

 


 
Sist endra 28.03.2017

Kontakt

Janne Thode
Janne Thode
Leiar sjukeheim
Telefon: 56 33 97 20