Handsaming av søknad - kortidsopphald

 

Når søknad er motteken, vil inntaksnemnda kartleggja behova dine etter opplysningar frå lege/spesialisthelseteneste og eventuellt heimebesøk. Du må gjerne ha med pårørande i møte.

Søknad vert behandla i det tverrfaglege inntaktsteamet. Du får skrifteleg vedtak om avgjerda som er teke.

Sund kommune tilbyr hovudsakleg opphald i Sjukeheim på einerom, men korttidsopphald vil stundom verta tilbydd på dobbeltrom.

Klage:

Klageretten er heimla i lov om pasient og brukerrettigheter § 7-2 og forvaltningslova §§ 28-36. Klagen skal stilast til fylkesmannen, men skal sendast til den instans som har gjort vedtaket.

Einingsleiar førebur klagesaka og legg saka fram for klientutvalet for handsaming. Dersom klientutvalet opprettheld tidlegare vedtak, går klagen til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Sist endra 28.03.2017

Kontakt

Janne Thode
Janne Thode
Leiar sjukeheim
Telefon: 56 33 97 20