Handsaming av søknad om avlastning

Når søknad er motteken, vil inntaksnemnda kartleggja behova etter opplysningar frå lege/spesialisthelseteneste og eventuellt heimebesøk.

Den med tyngande omsorgsoppgåver kan søkje.

Søknad vert behandla i det tverrfaglege inntaktsteamet. Du får skrifteleg vedtak om avgjerda som er teke.

Vurderingsgrunnlag for plass:

  • Pårørande med særs tyngjande omsorgsansvar i det daglege og som treng pause i avgrensa periodar, for eksempel ved reiser.
  • Det er mulig å søkje om rullerande opphald

Klage:

Klageretten er heimla i lov om pasient og brukerrettigheter § 7-2 og forvaltningslova §§ 28-36. Klagen skal stilast til fylkesmannen, men skal sendast til den instans som har gjort vedtaket.

Einingsleiar førebur klagesaka og legg saka fram for klientutvalet for handsaming. Dersom klientutvalet opprettheld tidlegare vedtak, går klagen til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Sist endra 28.03.2017

Kontakt

Janne Thode
Janne Thode
Leiar sjukeheim
Telefon: 56 33 97 20