Kreftkoordinator

Inger Fosse er kreftkoordinator i Fjell og Sund kommune. Ho er kreftsjukepleiar og ho har tidlegare erfaring frå arbeid med kreftpasientar på Radiumhospitalet i Oslo.

Koordinatorstillinga er eit samarbeid mellom Kreftforeningen og Fjell og Sund kommunar.

 

Kven er tilbodet til?

Personar som:

  • Kreftramma og deira pårørande i alle fasar av sjukdomsforløpet
  • Treng nokon å snakka med og få råd og rettleiing
  • Har mykje å ta omsyn til og slit med oversikt
  • Har plagsame seineffektar etter avslutta behandling
  • Har barn og/eller unge som pårørande

Kva hjelper vi med?

  • Koordinera og tilretteleggja kvardagen for kreftsjuke og pårørande
  • Er ressursperson for kreftramma og pårørande
  • Gje råd, rettleiing og informasjon
  • Har oversikt over relevante tilbod og tenester
  • Formidlar kontakt med tenester og samarbeidspartnarar
  • Sikrar oppfølging av barn og unge som pårørande
  • Støttesamtalar
  • Bidrar til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommunane
  • Vera eit bindeledd mellom deg, fastlege, spesialisthelseteneste og tenestene til kommunen

Få hjelp

Det er ikkje krav om tilvising frå lege. Kreftramma, pårørande eller helsepersonell kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator.

Pris

Gratis.

 

Kart
Kreftkoordinator
Sist endra 24.03.2017

Kontakt

Inger Fosse
Kreftkoordinator
Telefon: 55 09 71 86
Mobil: 909 63 266