Søknad om helsehjelp i heimen (heimesjukepleie)

Før søknaden kan handsamast må søkjar fylle ut namn, fødselsnummer, adresse. Søkjar skal sjølv skrive under. Dersom søkjar ikkje er i stand til det, kan hjelpeverge eller pårørande skrive under. Legeerklæring skal då stadfeste tilstanden.
 

Kryss av for kva tenesten det vert søkt om. Det kan vere ulike grunnar til søknaden. Hugs å oppgje grunngjevnad for søknad. Det kan vere til dømes hjelp til å stå opp/leggje seg, hjelp til av og påkledning, personleg hygiene, dusjing/bading, tilrettelegging av måltid, hjelp til å ete/drikka m.m. Du kan her bruke eige ark til forklaring om ynskjeleg.

Legeerklæring med medisinsk og sosialmedisinsk vurdering skal leggjast som vedlegg.

Søknaden skal sendast til:

Omsorgstenesta
Sundheimen
5382 Skogsvåg

 

Sist endra 29.03.2017

Kontakt

Karstein Golten
Karstein Golten
Leiar i heimetenesta
Telefon: 56 33 97 03