Handsaming av søknad om helsehjelp i heimen

Vedtak blir fatta på bakgrunn av ei heilskapsvurdering av søkjar sin situasjon.

Når søknad er motteken, avtalar vi snarast eit heimebesøk. Du må gjerne ha med pårørande i møte. Får du innvilga heimesjukepleie, startar hjelpa opp så snart som råd og etter avtale med deg.

For at tilsette i heimetenesta skal yta god hjelp, kan det vera behov for at heimen vert fysisk tilrettelagt med utstyr og hjelpemiddel. Heimen må også vera fri for røyk når tilsette er på besøk.


I partsbrevet blir det opplyst om retten til å klage og om retten til innsyn i saka sine dokument.

Klage:

Klageretten er heimla i lov om pasient og brukerrettigheter § 7-2 og forvaltningslova §§ 28-36. Klagen skal stilast til fylkesmannen, men skal sendast til den instans som har gjort vedtaket.

Einingsleiar førebur klagesaka og legg saka fram for klientutvalet for handsaming. Dersom klientutvalet opprettheld tidlegare vedtak, går klagen til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

 

Sist endra 28.03.2017

Kontakt

Karstein Golten
Karstein Golten
Leiar i heimetenesta
Telefon: 56 33 97 03