Helsehjelp i heimen

Mål for heimetenesta er å leggja til rette for god livskvalitet ved å byggja opp under brukaren sine ressursar, og så langt råd er hindra at svikt oppstår og får utvikla seg.

Kva hjelp kan eg få?

  • grunnleggjande behov når det gjeld mat, ernæring og personleg hygiene
  • medisinering og anna medisinsk behandling, i samarbeid med fastlege og spesialisthelsetenesta
  • trening i å meistra kvardagen sjølv etter funksjonsendring/funksjonstap
  • oppfølging/observasjon av helsetilstand

I samtale med deg vert hjelpebehova konkretiserte. Vi ser også nærare på om det er oppgåver du kan meistra sjølv ved hjelp av tilrettelegging i heim, nye hjelpemiddel eller opplæring.

Du som bur eller oppheld deg i kommunen og har helseproblem/funksjonstap som medfører behov for helse- og omsorgstenester i heimen.

 

Pris

Heimesjukepleie er gratis.

Sist endra 28.03.2017

Kontakt

Karstein Golten
Karstein Golten
Leiar i heimetenesta
Telefon: 56 33 97 03