Heimehjelp

Personar som har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker, kan søkja kommunen om å få heimehjelp.

Målet for tenesta er å yta heilskapleg hjelp i høve til brukarane sine fysiske, psykiske, åndelege og sosiale behov. Å leggja til rette for god livskvalitet ved å byggja opp under brukaren sine ressurser, og så langt råd er hindra at svikt oppstår og får utvikla seg.

Tildeling av heimehjelp skjer etter individuell og fagleg vurdering. Hjelpebehovet vert kartlagt etter standardskjema i samråd med brukar i heimen. Hjelpetiltak vert samordna og formidla til aktuelle samarbeidspartar i samråd med brukar.

Klage:

Klageretten er heimla i lov om pasient og brukerrettigheter § 7-2 og forvaltningslova §§ 28-36. Klagen skal stilast til fylkesmannen, men skal sendast til den instans som har gjort vedtaket.

Einingsleiar førebur klagesaka og legg saka fram for klientutvalet for handsaming. Dersom klientutvalet opprettheld tidlegare vedtak, går klagen til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Sist endra 29.03.2017

Kontakt

Ann Margreth Trellevik
Ann Margreth Trellevik
Telefon: 56 32 99 50
Mobil: 958 90 748