Ergoterapitenesta

Ergoterapitenesta er ein del av helsetilbodet i Sund kommune. Tenesta har kontor på Sundheimen i Skogsvåg.

Avdelinga har tre ergoterapeuter ansatt. Ergoterapeutane i Sund kommune arbeider med menneske i alle aldersgrupper, som grunna sjukdom, skade eller funksjonsvanskar treng ulike hjelpetiltak.
 

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Kartlegging av funksjonsnivå
  • Kartlegging og vurdering av hjelpebehov
  • Rettleiing av brukarar, pårørande eller anna personell
  • Trening i daglege aktivitetar
  • Opptrening av funksjonsnivå
  • Vurdering, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddel. Dette skjer i nært samarbeid med NAV Hjelpemiddelsentral.
  • Tilpassing av bustad
  • Habilitering og rehabilitering
  • Samarbeid med andre kommunale tenester, som til dømes barnehage, skule, helsestasjon, heimeteneste, dagsenter for eldre og institusjon, og samarbeid med spesialisthelsetenesta.

Avdelinga er også representert i kommunen sitt arbeid knytt til Koordinerande eining og frisklivssentralen i Sund kommune.

Kontakt

Willy Marthinussen
Ergoterapeut
Telefon: 56339723
Silje Håpoldsøy Jacobsen
Ergoterapeut
Telefon: 56339723
Asta Hevrøy Midtun
Ergoterapeut
Telefon: 56339723